FRAMSIDE

  OM OSS

  MEDLEMMER

  KONTAKT
 
  Hardangermeny     Hardangerfrukt     Hardangersider     Søtt og godt     Fisk og kjøtt    
  
  
  
  
  
  
  

 

Det er godt klima for dyrking av frukt og bær langs fjorden. På grunn av golfstraumen, den seine våren og lyset, får frukta lang veksetid og utviklar mykje smak.

Det var munkane som kom med epla til Hardanger, og gamle brev syner at det allereie på siste halvdel av 1300 talet vart dyrka eple for sal i Hardanger.
Kunnskapen om epledyrking kom i fylgje tradisjonen til Hardanger med engelske cisterciensarmunkar på slutten av 1200 talet. Lysekloster, som åtte Opedal, dreiv her "grangie", det vil seia ein bugard drive som eit mønsterbruk, Staden der munkane budde heiter enno Munkagard, og er eit av dei tre tuna i Opedal (ref. Kulturhistorisk vegbok for Hordaland).

Munkar, klima, jordsmonn og gode vekstvilkår la såleis grunnlaget for ei moderne næring av stor betydning for lokalsamfunna i Hardanger. Om lag 40% av all norsk frukt blir dyrka i Hardanger, og rundt 80% av norske morellar kjem frå regionen.

Gravenstein har vorte omtalt som sjølve symbolet på "ekte smak", og i Hardanger var det ein viss kommersiell siderproduksjon basert på Gravensteinepler frå 1890 til 1920.

God balanse mellom syre og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger, noko som gjer dei suverene i matlaging og siderproduksjon. Dette kan tilskrivast dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen gir. Klimaet er kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt klima gjev eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer. Samstundes sikrar varme og solrike sommardagar utvikling av tilstrekkeleg mengde sukker. Også dei kjølege nettene bidrar til auka syre og sukkerinnhald rett før hausting.

I kalde kjellarar hadde dei eple heile vinteren og gamle sortar som Torsteinseple, Bramley og Filippa helt seg heilt til påske. For dei fleste andre frukt og bærsortar er sesongen kort og det var viktig å konservera frukta slik at dei hadde til resten av året.