FRAMSIDE

  OM OSS

  MEDLEMMER

  KONTAKT
 
  Hardangermeny     Hardangerfrukt     Hardangersider     Søtt og godt     Fisk og kjøtt    
  
  
  
  
  
  
  

 

”I de familier hvor de nydes meget frugt både i supper og på anden maate, kan vi legge merke til at der ikkje nydes meget øl eller brændvin. Trangen til disse farlige varer svinder, som bekjendt, naar man faar rikelig frugt. Dette bør vi husmødre skrive oss bak øret og handle derefter”. Dette står å lesa i Olaug Løken si kokebok for Almindelige Husholdninger frå 1925.

Frukt og bær har vore ein viktig del av kosthaldet, og her i Hardanger hadde mange rikeleg tilgong til det. Folk har i alle tider brukt mat for å kosa seg, sjølv dei fattigaste har gjennom tidene unt seg noko ekstra av og til, spesielt til jul. Slik har det også vore i Hardanger, og det er naturleg at dei her har brukt frukt til å laga gode kaker og dessertar. Fruktkompott, fruktsuppe, eplekake, steikte eple...

Om hausten konserverte dei frukta. Dei laga saft, syltetøy, tørka frukt, hermetiserte frukt og så vidare. Den hermetiserte frukta kan brukast på mange måtar, rett frå glaset med litt krem eller is, til kompott, som fruktsalat, til saus, til middag etc. Dei var flinke til å nytta det dei hadde, og laga ”fest” av enkle ting.

Til kvardags vart ofte ein rest syltetøy laga til fruktgraut, servert med litt sukker og mjølk. Til kaffien var det vanleg med surmjølkslappar til kvardags og mjølkekaker til søndags og når det var fest. I Hardanger er mjølkekaker vanleg på kaffibordet ved alle store merkedagar som til døme bryllaup, barnedåp, konfirmasjon. Elles er lefser, nordlansdkaker, potetkaker og krotakaker mykje brukt som kaffimat. Potetkaker og krotakaker blir brukt både som kaffimat med smør og sukker eller saman med saltmat.